Personvernerklæring
Personvernet ditt er viktig for oss. Det er retningslinjene våre å respektere personvernet ditt når det gjeld all informasjon vi kan samle inn frå deg på nettstaden vår og andre nettstader vi eig og driv.
Heile denne nettstaden er verna av norsk opphavsrettslovgiving.
Kven vi er, og korleis du kan kontakte oss
PodBooster er eit produkt frå det norske selskapet Nattskiftet, ei lita verksemd frå den sørlandske kystbyen Kristiansand. Du kan kontakte oss på mail@podbooster.io.
Informasjon og lagring
Vi ber berre om personopplysningar når vi verkeleg treng dei for å kunne tilby deg ei teneste. Vi samlar dei inn på ein rettvis og lovleg måte, med ditt vitande og samtykke. Vi informerer deg òg om kvifor vi samlar dei inn, og korleis dei vil bli brukte.
Vi samlar inn og lagrar i databasen vår:
- Brukar-ID-en din frå Facebook eller Google.
- E-postadressa di.
- Transkripsjonar og utkast av podkastepisodane dine.
Vi lagrar innsamla opplysningar berre så lenge det er nødvendig for å kunne tilby deg tenesta du har bede om. Opplysningane vi lagrar, vernar vi med kommersielt akseptable middel for å hindre tap og tjuveri, samt uautorisert tilgang, offentleggjering, kopiering, bruk eller endring.
Vi deler ikkje personidentifiserande opplysningar offentleg eller med tredjepartar, bortsett frå når lova krev det, eller når det er absolutt nødvendig for å kunne tilby tenesta vår.
Tredjepartane vi deler informasjon med, og informasjonen vi deler med dei / som dei behandlar for oss, er som følgjer:
- Stripe: Leverandør av betalingar og abonnement.
- E-postadressa di (slik du har oppgitt henne).
- Bruken din av PodBooster (for fakturering).
- PlanetScale: Databaseleverandør.
- Facebook- eller Google-brukar-ID-en din.
- Vercel: Leverandør av server/hosting og anonym analyse.
- Utkast til podkastepisodar.
- Lydfilene til podkastepisodane dine.
- Anonyme handlingar i PodBooster (brukarhendingar).
- Gladia: Transkripsjon av lyd frå podkastepisodar.
- Lydfilene til podkastepisodane dine.
- AssemblyAI: Transkripsjon av lyd frå podkastepisodar.
- Lydfilene til podkastepisodane dine.
- OpenAI: Kunstig intelligens.
- Transkripsjonane av podkastepisodane dine.
- Knock: Plattform for varslingar.
- Namnet og e-postadressa di.
- Handlingar i PodBooster.
- Crisp: Plattform for brukarstøtte og kommunikasjon i sanntid.
- Namnet og e-postadressa di.
- Google: Leverandør av autentisering og anonym analyse.
- Valfri autentisering.
- Anonyme handlingar i PodBooster (brukarhendingar).
- Facebook: Leverandør av autentisering og anonym analyse.
- Valfri autentisering.
- Anonyme handlingar i PodBooster (brukarhendingar).
Sletting av data
Du har rett til å be om at personopplysningane dine blir sletta. For å starte denne prosessen, kan du sende ein e-post til mail@podbooster.io. Vi vil verifisere identiteten din og slette opplysningane dine i samsvar med gjeldande lover.
Eksterne lenkjer
Nettstaden vår kan lenkje til eksterne nettstader som ikkje blir drivne av oss. Ver merksam på at vi ikkje har kontroll over innhaldet og praksisen til desse nettstadene, og at vi ikkje kan ta ansvar for personvernreglane deira.
Avslutning
Du står fritt til å avslå førespurnaden vår om personopplysningane dine, men må vere merksam på at vi då kanskje ikkje kan tilby deg enkelte av tenestene du ønskjer.
Vidare bruk av nettstaden vår vil bli rekna som aksept av praksisen vår når det gjeld personvern og personopplysningar. Dersom du har spørsmål om korleis vi handterer brukar- og personopplysningar, er du velkomen til å kontakte oss.
Denne policyen gjeld frå og med 01. jan. 2024.